Denne nettstaden er meint som eitt verktøy for berekning av gåavstand langs gangbar veg. I steg 1 kan du søkje adresser, skular og gards og bruksnummer. Søk på adresse og gards og bruksnummer går mot kartverket sin oppdaterte webservice. Resultatet vil komma opp og være valbart som frå eller til punkt. Zoomar du inn, vil skular symboliserast med raude flagg. I tillegg til tekstsøk kan du også klikke på den skulen du ønskjer så lenge du står i skulefana. Stiller du deg under fana "Punkt" kan du klikke i kartet og velje dette punktet som frå eller til.
I steg 2 kan du berekne rute mellom punkta du har valt ved å trykke "Berekn". Ruta vil markerast med blå linje. Du kan når som helst endre eller bytte om på frå og til punkt. I resultatboksen vil du få opp lengda på berekna rute. Veg som ikkje er tilrettelagt for gåande er sperra for berekning. Vi tar atterhald om at feil i berekning og datagrunnlag kan forkomme.
Enkelte omegnskommunar til Hordaland fylke er det også mogleg å gjera ruteberekning frå/til. Berekning frå/til omegnskommunar vil berre gje kortaste mogelege veg, uavhengig av reisemåte.
Område for ungdomsbillett er markert med orange transparent lag. Meir informasjon om dette på
Skyss sine sider.